Skadefelling av grågås på Barekstad


Pressekontakt:
Jenny Berg-Rolness, NOAH – Sogn og Fjordane, Tlf. 57 74 06 03

Viltforvaltninga i Flora kommune har i årevis praktisert ein liberal skadefellingspolitikk, der skadefellingsløyve i mange tilfelle er gitt rutinemessig og utan krav til forebyggende tiltak. Også i år var kommunen tidleg ute med skadefellingsløyve. På Barekstad har tre grunneigarar fått løyve til å felle til saman 8 grågjess. NOAH – for dyrs rettar har påklaga vedtaket på bakgrunn av det organisasjonen meiner er manglande oppfylling av vilkåra i skadefellingsforskrifta.

I forskrift om felling av viltartar som gjer skade eller som vesentleg reduserar andre viltartar sin reproduksjon, er det framsett som vilkår for skadefelling at skaden har oppstått i inneverande sesong, at den er av vesentleg økonomisk betydning og at det på førehand i rimeleg utstrekning er blitt forsøkt andre tiltak for å avverge skade eller redusere predasjon.

Det er eit ufråvikeleg prinsipp at forskrifta ikkje skal bli praktisert slik at den fører til ei utholning av fredningsprinsippet i viltlova. Det er ikkje forskrifta sin intensjon å tillate avliving av artar ved eitkvart skadenivå. For enkelte verdiar må ein viss skade tolererast. Direktoratet for Naturforvaltning har difor sett opp visse kvalifiserte krav som må vere tilfredsstilte før eventuell felling blir iverksett.

Skadefellingsløyva på grågås i Flora blei utstedt før grågåsa hadde landa på Barekstad, så bestemmelsen om at det må ha skjedd skade av eit visst omfang i inneverende sesong er ikkje innfridd. NOAH etterlyser elles dokumentasjon på at grågåsa faktisk har valdt skade av vesentleg økonomisk betydning, og viser til at sauenæringa i øyane i hovudsak blir driven som attåtnæring.

– NOAH stiller seg sterkt kritisk til at viltforvaltninga i Flora etter eige utsegn nyttar seg av skadefelling som bestandsregulerande tiltak. Dette skal ifølge lova skje innanfor rammene av jakttidene, og ikkje i fuglane si hekketid. Bestandsregulerande jakt under dekke av skadefelling fungerer som ei utholning av ynglefredningsprinsippet i viltlova, og framstår som grovt misbruk av skadefellingsforskrifta. Etter dei opplysningene NOAH har fått, er det i denne saka ikkje stilt krav om at forebyggande tiltak blir utprøvd for å avverge skade. Forutsetningane for å kunne innvilge skadefellingsløyve synest ikkje på nokon måte å vere innfridd.

– Det er trist at det er så låg toleranseterskel for dyra i naturen. Før i tida tok folk av seg lua når grågåsflokkane kom som eit vårteikn over himmelen. I dag blir fuglane møtte med våpenbruk. Grågåsa har sine faste hekkeplassar i øyane, og ein bør legge til rette slik at folk og fugl kan leve fredeleg i same miljø. Reserverte område for grågåsa kan vere eit tiltak for å redusere konflikten, erstatningsordningar eit anna. Toleranse og respekt for individet er grunnleggande for å finne løysingar som inneber at ein kan kome bort frå den årvisse vårslakten av fuglar og dyr i Flora, meiner NOAH.