Ingemund Askeland - Fremtidsbonden

av Kaisa Sogge-Hautala og Marie Henriksen Bogstad, hovedfoto: Eirik Anzjøn

I et vestnorsk landskap fullt av gressarealer og beitedyr ligger Eikanes. Gården i Etne i Hordaland der Ingemund Askeland har bestemt seg for å slutte med sauedrift og heller dyrke mat direkte til mennesker.

Dette gjør han på 4 mål tidligere grasmark. I fjor produserte han nok til ca. 100 andeler. Potensialet er stort for flere som ham, men i hjembygda går det i stadig mer husdyrproduksjon. Flere legger om fra korn til gress, fra grønt til husdyr. Dette hamsterhjulet ville ikke Ingemund ta del i. De siste årene har han vist at det fint går an å produsere mat til mennesker også på Vestlandet, også på beitemark, også på gressmark. Hils på fremtidsbonden.

– Hva er din bakgrunn?

– Eg blei født i 1981 og vaks opp på garden Eikanes i Etne, Hordaland. Foreldra mine dreiv eit tradisjonelt gardsbruk med seksten mjølkekyr og grasproduksjon. Heilt frå me kunne føte oss måtte bror min og eg hjelpe til med gardsarbeidet. Eg hugsar det som ein rik barndom. I ungdomsåra gjekk eg musikklinje og dreiv samstundes med langdistanseløping på relativt høgt nivå.

«I starten var det to ting eg var sikker på: Eg ville drive økologisk og eg ville ikkje drive med kjøtproduksjon.»

Løpeskoa blei lagt på hylla i byrjinga av tjueåra, men musikken har vært med heile vegen, og eg er idag med i fire aktive band. Etter studier i religionshistorie og språk i Bergen og Oslo flytta eg attende til heimegarden på Vestlandet. Til dagleg jobbar eg som norsklærar for vaksne innvandrarar samstundes som eg driv gard og turnerer med forskjellige musikkprosjekt.

– Når tok du over gården?

– I 2011 flytta eg tilbake til Etne etter mange år i Oslo og Bergen. På det tidspunktet hadde eg ikkje eit klårt gardsprosjekt i tankane, men eg kjende på meg at det var denne staden eg skulle vere på. Foreldra mine hadde akkurat avslutta den tradisjonelle gardsdrifta med mjølkekyr og det vart naturleg å snakke om korleis garden skulle forvaltes vidare. Det var ikkje noko press om å ta over med ein gong og dei gav meg god tid til å finne ut av kva eg ville gjere og samtidig trygge økonomien. For å halde garden ved like fekk me ein liten flokk gammalnorske spelsauer som me delte ansvaret for. Først i 2017 tok eg over garden formelt sett.

– Hvordan var det å ta over?

– Det har på dei fleste vis vore ei positiv oppleving. Dei første åra etter at eg flytta heim drifta foreldra mine og eg garden saman. Det var ei fin tid, men ettersom det var dei som då bar det økonomiske ansvaret var det også dei som måtte få siste ordet når det kom til korleis ting skulle gjerast. Når dei forstod at eg hadde begynt å stake ut min eigen veg var det faktisk dei som foreslo at tida var inne for å ta over garden. I starten var det to ting eg var sikker på: Eg ville drive økologisk og eg ville ikkje drive med kjøtproduksjon. Det var jo i og for seg ikkje så vanskeleg å realisere desse måla, det var berre å la vere å sprøyte, kunstgjødsle og sette lam på sauene. Sjølv om det er mykje godt med det som er ugjort er det klart at det ikkje går an å drive jordbruk utan å faktisk gjere noko. Så eg trong eit prosjekt, ein måte å legge mi eiga hand på verket. For meg var det eigentleg ikkje noko val, eg ville berre dyrke. Alt året før eg tok over hadde eg starta med ein utvida kjøkkenhage som gav meg så mykje glede at eg intuitivt forstod at dette var vegen.

Omkring denne tida begynte det å dukke opp nye andelsbruk overalt, men hovudsakleg i tilknytting til byane. Eg undra meg over kvifor det skulle vere eit så ekslusivt urbant fenomen å handle ferske lokale grønsaker, når me her på bygda trass alt bur midt i matfatet. Det året eg tok over høyrde eg difor med venner og venners venner om dei kunne vere interesserte i å kjøpe andeler om eg starta eit andelsbruk. Alle syntes det var eit supert konsept og ein gjeng på rundt femten personar blei med det første året. Dette er folk med bevissthet rundt vegetarisk og vegansk kosthold, matproduksjon og økologi. Det er ei ufattleg fin kjernegruppe å ha med seg, men eg gler meg like mykje over dei utan nokon kjenskap til dyrking som er overlykkelege over å hauste ferske grønsaker på eigen hand. No er det rundt tretti personar som er knytt til bruket, der omlag halvparten har andel og dei resterande handlar ved høve. For meg har det vore viktig å kjenne at eg er trygg på det eg gjer før eg går ut på marknaden. Etter snart fire sesongar ser eg at det er mogleg å lykkast sjølv i vêrmessig utfordrande sesongar, så no er det på tide å gi bruket ein tydlegare profil ute på marknaden.

Ingemund Askeland står i drivhuset sitt og steller plantene sine
Foto: Eirik Anzjøn

– Du spiser hovedsakelig plantebasert selv – hvorfor valgte du det?

– I størstedelen av voksenlivet mitt har haldninga mi til mat vore at eg ét alt eg blir servert, men elles vel eit vegetarisk eller vegansk alternativ. For omlag fire år sidan kjende eg likevel at det var på tide å trekke ei meir tydeleg grense og eg valgte å kutte ut både kjøt og fisk. Då hadde me hatt sauer og lam nokre år, men eg hadde heilt frå starten fått tydelege signal innanfrå om at det ikkje var dette som var min misjon. Når eg først forstod at eg ikkje kunne drive med kjøtproduksjon vart det samstundes naturleg å la vere å ete kjøt. Det var i grunnen ein svært udramatisk overgang.

– Hva er ideologien bak dyrkingen?

– Eg prøver å dyrke mest mogleg på lag med naturen. Det er eit prinsipp som gjeld uavhengig av om ein kallar det økologisk, biodynamisk, berekraftig eller regenerativt jordbruk. Å dyrke på lag med naturen handler for meg ikkje berre om måten ein kultiverer jorda på, men også om korleis ein kultiverer seg sjølv og staden rundt seg. Eg trur det er veldig viktig å kjenne staden og jorda der ein dyrkar. Ein bonde i distriktet her sa ein gong at ein kunne ikkje vere bonde utan å ha gravemaskin.

«Sjølv om eg slutta med lam var det aldri aktuelt for meg å selje dyra. Eg har hatt eit nært forhold til dei heilt frå starten og kjenner dei ulike personlighetane.»

Eg ser absolutt nytten av ein gravemaskin, men vil vel heller seie at ein ikkje kan vere bonde utan å ha begge beina godt planta både på og i jorda. Om ein samstundes klarar å ha hovudet i himmelen trur eg ein er på god veg.

– Hvor henter du inspirasjon fra?

– Eg blir sjølvsagt inspirert av å møte og lese om andre som lever og åndar for jordbruksprosjekta sine, og eg veit at eg ikkje hadde komme langt om det ikkje var for alle dei gode idéane og innspela eg får frå omverda. For meg er det likevel naturen som blir den store inspiratoren i reell forstand. Eg får eit kick av å sjå ting spire, og at ein kan putte små frø i jorda for så å hauste nydelege vekster nokre månadar seinare er rett og slett superkult! Drivkrafta til å sette igang og halde det gåande kjem derimot innanfrå.

– Er det mange frukt- og grøntprodusenter i området rundt gården din?

– Nei. Det er litt bær og potet, men lite satsing på grønsaker i eit monaleg omfang. Dei særdeles heiderlege unntaka finns sjølvsagt, men eg skulle ønska at det var fleire som ville satse på grønsaker og ikkje berre idealistane. Alle kan nok ikkje drive som meg, men eg voner fleire vil prøve seg.

– Stemmer det at Norge “er og blir et grasland” eller kan vi se for oss å dyrke matvekster også der ingen kunne tro at noe kunne gro?

– Det er vel allereie bevist at det går fint an å dyrke eit rikt utval av grønsaker både langt nord og i høgareliggande strøk i innlandet. Ein skal ikkje så langt tilbake i tid før det var vanleg å ha ein mangfaldig matproduksjon på dei fleste gardsbruk. Idag er det dessutan stor utvikling innan dyrkingsteknikkar som gjer det mogleg både å forlenge sesongen og dyrke under tøffe klimatiske tilhøve. Igjen så tenkjer eg at det er viktig å bli kjent med staden ein driv jordbruk på. Kvar stad har sine eigne interne variasjonar i klima og jordsmonn. Om ein kjenner desse vil ein kunne tilpasse dyrkinga deretter. Og berre så det er sagt, dette treng ikkje vere meir magisk enn at ein stikk ein finger i jorda og ein i vêret. Dette var dei veldig flinke til før.

– På gården din bor det sauer som ikke brukes i produksjon – fortell litt om dem og hvilket forhold du har til dem?

– Sjølv om eg slutta med lam var det aldri aktuelt for meg å selje dyra. Eg har hatt eit nært forhold til dei heilt frå starten og kjenner dei ulike personlighetane. Ein har som kjent ansvar for alt ein har gjort kjært, så heile flokken på 48 dyr går framleis rundt på garden haust vinter og vår, og om sommaren er dei på fjellet. I staden for å seie at dyra er tamme seier eg at me kjenner kvarandre. Dei kjem alltid springane for klapp og kos, lograr med halen og likar å vere i nærleiken av både meg og andre menneske. Sjølv om dei er svært sosiale likar eg eigentleg godt at dei får styre seg sjølv. Dei er av typen gamalnorsk spelsau, eller farga spel, ein robust og vakker sau med gode instinkt. Dei går alltid som ein flokk både i fjellet og heime. Finn eg ein finn eg alle. Heime på garden går dei ute på beite heile året, men dei har mulighet til å gå fritt inn i løa der dei kan ligge på tørr halm. Om vinteren får dei litt ekstra fôr inne. Halmen og skiten komposterer eg og nyttar som gjødsel i grønsaksåkeren. Eg utvidar stadig beiteområda og på sikt er målet at dei skal kunne bevege seg rundt i all utmarka. Om det blir realitet vil dei ha omlag 300 mål å boltre seg på. Medan eg hadde dyr i produksjon var det mange som undra seg over at dei var så rolege og kontaktsøkande, men det er jo ikkje meir mystisk enn at eg har brukt tid saman med dei, og med tida kjem også forståinga.

– Hva er dine erfaringer med å spise plantebasert og samtidig være del i et landbruksmiljø?

– Det er heilt uproblematisk. Men det er klart, når ein sit på ei lita hytte på fjellet saman med tolv andre mannfolk under sauesankinga, og stemninga er, ja, ”karsleg”, så er det ikkje til å komme ifrå at ein blir møtt med usikre blikk og mumling når ein har ein flokk sauer utan lam og i tillegg berre legg potet og grønsaker på fatet. Då hjelper det mykje å til gjengjeld vere den som spring lengst og raskast.

– Kan du si tre positive og tre negative ting om det norske landbruket?

– Dette er eit spørsmål eg faktisk synest det er litt vanskleg å svare på, kanskje mest grunna dialektikken mellom landbrukspolitikken og det som faktisk skjer i sjølve landbruket. Uansett, for å ta dei dårlege nyheitene først: Det har vore ein negativ trend at landbruket har blitt stadig meir industrialisert og kapitalstyrt med lite omsyn verken til økologi, dyrevern, berekraft og sjølvforsyning. Argumentet med at norsk landbruk trass alt er sunt og godt samanlikna med andre land, kjøper eg ikkje. Ikkje det at argumentet er feil i seg sjølv, men det fungerer oftast berre som eit argument for å halde på som før. Sanninga er vel at dei grove linjene i norsk landbrukspolitikk har dratt meir i retning av det me ser nedover kontinentet når me heller skulle dratt i den andre retningen. I staden for å samanlikne oss med andre i søken ettter godt samvit, burde me heller prøve å justere oss etter våre finaste moralske og etiske koordinatar og sjå kva me kan gjere betre, både med tanke på dyrevelferd, økologi og berekraft.

«Situasjonen me står overfor idag når det gjeld klima, natur- og jordbruksressursar tvingar jo fram eit auka fokus på korleis me kan produsere meir grøn mat.»

Dei gode nyheitene er at Norge har ein kontinuerleg og open diskusjon omkring landbruk og dyreetikk. Dette er med på å gi landbruket ein plass i folks bevissthet og aukar moglegheitene for å påverke kva retning matproduksjonen skal ta. Norge har rik natur og bønder som vågar å satse utradisjonelt og idealistisk sjølv om forholda ikkje alltid ligg til rette for det. Nærleiken og den uttalte kjærleiken til naturen me har her i Norge trur eg også er svært viktig for landbruket.

Plantebasert mat på Etne gård
Foto: Eirik Anzjøn

Hva tror du er årsaken til at grønn saksproduksjon er så underrepresentert i den offentlige jordbruksdiskursen?

– No ser det jo faktisk endeleg ut til at grøntproduksjon har komme på dagsorden. Situasjonen me står overfor idag når det gjeld klima, natur- og jordbruksressursar tvingar jo fram eit auka fokus på korleis me kan produsere meir grøn mat. Grunnen til at grønsaksproduksjon har vore eit så lite aktuelt tema i jordbruksdiskursen tidlegare er vel i stor grad politisk forankra. Fokuset har vore på produksjon av kjøt og melk og overgang frå små til store bruk. Det er på høg tid at me endrar retning og får til ein meir allsidig bruk av jordbruksressursene våre, og det er viktig at dette får politisk oppsluting slik at det kan etablerast gode støtteordningar til dei som ynskjer å starte opp eller gå over til grønsaksproduksjon. For det er klart, det er både tidkrevjande og utfordrande å drive med produksjon av grønsaker, spesielt om ein går den økologiske vegen.

– Hvordan ser fremtidens matproduksjon og forbruk ut?

– Grøn, lokal, variert, miljøvennleg, berekraftig og fordelt på mindre einingar. Fleire menneske er direkte innvolverte i matproduksjonen, som i stor grad er vegetabilsk.

Artikkelen har tidligere stått til trykk i magasinet NOAHs Ark #2/2019

Foto: Eirik Anzjøn

Vil du støtte NOAHs arbeid for mer dyre- og miljøvennlig matproduksjon?
Bli medlem!