NOAH logo
Forsiden > Ville dyr > Kvar er toleransen for… 29. aug 2007

Kvar er toleransen for naturen?

Kontakt: NOAH – for dyrs rettigheter, v/Jenny Berg-Rolness, jb-r@online.no

Etter at Flora kommune har gjort seg ferdig med skadefellinga på grågjess i hekketida, i strid med tilrådinga frå Fylkesmannen, står no hjorten for tur. Kommunen har gitt fellingsløyve på 10 dyr, fortrinnsvis koller med kalv, og er godt i gong med skytinga. 5 dyr er skotne dei siste dagane. I tillegg blei det i forrige veke skote ei kolle med kalv som hadde forvilla seg inn på området til Florø Lufthamn.

Viltforvaltning i Flora er blitt synonymt med avliving, seier Jenny Berg-Rolness i NOAH. – Naturlege bestandar av fuglar og dyr blir ikkje tolerert, og folk blir stadig meir framandgjort frå naturen. Slike haldningar bygger Flora kommune opp under når dei kvart år gjennomfører jakt i byen. Det er eit hardt samfunn som ikkje har plass til respekt og toleranse for individ av andre artar. Samtidig er det mange som verdset dyrelivet og som gler seg over møtet med dei flotte dyra. Men desse blir ikkje så lett høyrde.

NOAH har i sommar henvendt seg til alle kommunar i landet angåande praktisering av skadefelling. Tilbakemeldingane tyder på at dei fleste kommunar har ei restriktiv haldning til skadefelling, og at dei av respekt for ynglefredningsprinsippet søker å unngå å tildele slike løyve i yngle- og hekketida. Mange kommuner girikkje slike løyve i det heil tatt, men krev at eventuell felling skjer i samband med ordinær jakttid. Felles for dei fleste er at dei følger vilkåra i skadefellingsforskrifta og stiller krav om forebyggande tiltak og at skadene skal ha skjedd i inneverande sesong og vere av vesentleg økonomisk betydning.

– Men i Flora gjeld ikkje dei same reglane. Her blir fellingsløyve gitt straks gåsa landar i øyane og før vekstsesongen er i gong. Flora kommune framstår som ein av dei mest dyrefiendtlege byane i landet. Artar som grågjess og hjort som naturleg høyrer heime i kystmiljøet, blir framstilt som skadedyr. Heller ikkje kanadagjessene som besøkte byen i fjor var velkomne, sjølv om dei for folk flest var ein attraksjon. Med våpen blei også dei fordrivne.

NOAH stiller også spørsmål ved fellinga av ei kolle med kalv på Florø Lufthamn. – I slike tilfelle blir det ikkje eingong vurdert bedøving og flytting av dyra. Geværpolitikken rår, ein gjer liten eller ingen innsats for å finne andre løysingar enn avliving når dyr kjem i vegen for oss. Vi er kanskje verdas rikaste land, men i forhold til dyr og natur er vi eit u-land.

Samtidig med at kommunen køyrer sitt eige løp på skadefelling, er det liten eller ingen handlekraft å merke i forhold til hjortepåkøyrslene. Dei gamle, nedslitte hjorteskilta står framleis på innfartsvegen, og media melder stadig om nye påkøyrsler. Utallege henvendelsar til kommunen frå NOAH om dette problemet gir ingen svar.

– Vi har sendt brev og mailar til kommunen om dette problemet i årevis, men kan berre vise til eitt svar, frå 1998. Her skriv kommunen at dei vil gjereframlegg til vegstyresmaktene om gjerding langs den mest utsette strekninga mellom Brandsøy og Florø. Mange år og mange dyreliv har gått sidan dette, men ingenting er gjort. Det trengs tiltak frå politisk hald for å få fortgang i arbeidet med å forebygge hjortepåkøyrslene. Men så langt har dyra dessverrevore gløymde i valkampen.

Bli medlem