NOAH logo
Forsiden > Ville dyr > Kronerulling for hjorteg… 30. mar 2008

Kronerulling for hjortegjerde

I Firdaposten laurdag kom det fram at Kinn kyrkjelege fellesråd ikkje har økonomi til å sette opp eit hjortegjerde, og no vender seg til Flora kommune for å diskutere tiltak.

NOAH – for dyrs rettigheter fryktar at dette betyr dreping av hjortar i staden for forebyggande tiltak. No meiner NOAH at folk i Florø må ta eit krafttak sjølve for å få opp hjortegjerde, i form av kronerulling.

– Kronerullinga til måling av Florø kyrkje fekk inn ca. 80.000 kroner. Den rimelegaste løysinga for hjortegjerde vil kome på mellom 70.000 og 80.000 kroner, ifølge kyrkjerådet. Med litt ekstra tilskot kan ei kronerulling føre til at ein kjem i mål også med ei dyrare løysing som ivaretek estetikken.

I ein artikkel i Firdaposten, 19. februar, tilrådde Norsk Hjortesenter hjortegjerde, og uttalte at dei kan bidra med å finne gode løysingar saman med ein landskapsarkitekt.

– Eit av hovedargumenta mot hjortegjerde er at det vil bli ei estetisk utfordring. Men ei slik utfordring bør Florø-samfunnet ta. Det er snakk om ei verdiprioritering. Dersom ein ønsker å halde hjorten utanfor gravplassen er eit gjerde heilt nødvendig. Avviser ein gjerde av estetiske grunnar, må ein vere villeg til å akseptere sporadiske besøk av hjorten, utan å framstille dyra som ”vandalar”. Her bør det etiske aspektet vege langt tyngre enn det estetiske. Skal gravplassen bli ein slakteplass for hjort fordi eit gjerde rundt området er estetisk problematisk?

– Hjortane gjer ikkje noko galt, dei beitar der det er naturleg for dei, men kjem dei fleste stader i konflikt med menneskeleg eigedom. Slike konfliktar kan dempast med forebyggande tiltak, som gjerder. Dersom det offentlege ikkje ser seg råd til hjortegjerde, bør ein sjå på kronerulling som ein utveg. Dette har allerede pårørande gitt uttrykk for at dei ønsker.

* pressemeldingen var til en nynorsk avis

Bli medlem