NOAH logo
Forsiden > Store rovdyr > Sterke reaksjonar mot… 4. mai 2007

Sterke reaksjonar mot måsedrap i Gaupne

Kontakt:
NOAH – for dyrs rettigheter,
v/Jenny Berg-Rolness, tlf. 57 74 06 03, jb-r@online.no

NOAH – for dyrs rettigheter har klaga på Luster kommune sitt vedtak om løyve til felling av hekkande måsar i Gaupne. Også Norsk Ornitologisk Forening har klaga på fellinga, og har eiga nettsak om dette på http://www.birdlife.no/

For femte år på rad har Luster kommune tillatt jakt på hekkande fiskemåsar i Gaupne. I fjor blei 50 måsar drepne. Denne jakta er både etisk og økologisk forkasteleg, og må bli stansa så fort som råd er, meiner NOAH, som har bedt om at klagen får oppsetjande verknad.

– Fiskemåsane, som no er fritt vilt for organiserte jegerar i Gaupne, er blant dei sjøfuglane som i overvåka område har vist sterk tilbakegang, som følge av næringssvikt. Det er anslått at tilbakegangen er generell for heile landet. Bestanden av fiskemåse var rekordlav i Telemark i 2004, og berre 15 % av det den var på slutten av 1970-tallet. I Vest Agder er hekkebestanden halvert sidan 1986. Situasjonen for arten langs Skagerakkysten blir vurdert som kritisk. Sett i lys av at Norge og Sverige husar hovedtyngda av den europeiske hekkebestanden av fiskemåse, har Norge eit særleg ansvar for å ta vare på arten, seier Jenny Berg-Rolness i NOAH.

– Næringssøk har ført til at måsane i aukande grad er blitt innlandsfuglar. På stader med jamn mattilgang, der måsane samlar seg og hekkar, kan det derfor feilaktig bli oppfatta som at bestanden er stor, og det fører til ein urettferdig hets mot fuglane. Det er ein tendens til å gje fuglar og dyr skadedyrstempel når deira naturlege åtferd kjem i konflikt med menneskelege interesser. I staden for at Luster kommune gjev etter for innbyggarar som ønsker å fjerne måsane, bør dei oppfordre til auka toleranse for dyrelivet, og ikkje minst forståing for sjøfuglane sin vanskelege situasjon, som er ein direkte følge av menneskeleg påverknad, i form av overfiske, oljesøl, miljøgifter og generell ferdsel og aktivitet på sjøen.

NOAH meiner at Luster kommune sine gjentatte løyve til felling av måsar i hekketida, medfører ei utholing av ynglefredningsprinsippet, og dermed kjem i konflikt med lova. – Måsane utgjer ingen helserisiko eller fare for personskade, og det er tvilsamt om den påståtte tilgrisinga av bygningar, bilar og utstyr er av vesentleg økonomisk betydning. Skadefellingsforskrifta har forholdsvis strenge vilkår for felling, og den tillet ikkje felling på eitkvart skadenivå. Måsane si naturlege åtferd, inkludert deira forsvar av ungar i reiret, bør kunne tolererast i Gaupne, slik det blir tolerert andre steder i landet med hekkende måsar, meiner NOAH.

– Det er respektlaust og uetisk å skyte fuglane – ikkje minst i deira mest sårbare periode. Denne skytinga skal pågå heilt fram til ungane blir klekte i juni/juli. Det er vanskeleg å gardere seg mot at måseungar på denne måten blir foreldrelause, då klekkinga ikkje skjer samtidig i alle reir. NOAH oppfordrar Fylkesmannen om å gripe inn, då denne jakta ikkje berre er etisk forkasteleg, men også kan ha betydning for ein sjøfuglart som frå før slit med å få fram ungar.

Kjelde for tal om fiskemåse:
NINA: Årsrapport fra det nasjonale overvåkingsprgrammet for sjøfugl, 2005.

Bli medlem