NOAH logo
Forsiden > Dyrs rettsvern > Buddhismen 1. feb 1993

Buddhismen

Buddha med elefant

(Utdrag av Olaus Høydal´s bok «Buddhismen» utgitt på Det Norske Samlaget (1963) Gjengitt i NOAHs Ark med tillatelse fra forfatteren)

«Meistar, kvar prest og kvar lærar lovprisar si tru som den einaste sanne og rette og fordømmer andre truer. Eg er i villreie og tvil. Eg veit ikkje kva eg skal tru.»

Til dette svara Buddha:
«Tvilen din er velgrunna, men høyr på orda mine: Tru ikkje på tradisjoner for di dei er gamle og nedarva gjennom generasjonar. Tru ikkje noko på grunn av rykte eller for di folk talar mykje om det. Tru ikkje berre for di eit vitnemål frå ein vismann vært lagt fram for deg. Tru ikkje noko for di det høyres rimeleg ut eller for di årelang vane har gjort det til sanning. Tru ikkje noko på grunn av autoriteten til presten eller læraren. Men det du etter eiga røynsle og etter grundig granskning finn er i samsvar med fornufta di og som fører til lykke og velferd for deg og andre skapninger, det skal du halde for sanning og forme livet ditt deretter.»

Siddhata Gotama

På fullmånedagen i mai året 560 f.Kr. vart det i byen Kapilvatthu i Nord-India, fødd ein prins som fekk navnet Siddhatta Gotama. Han voks opp i rikdom og luksus, og vise menn sytte for at han fekk ei god oppseding. Far hans – kong Suddhodana – hadde store tankar om prins Siddhatta og vona han med tida skulle verta en mektig monark.

Seksten år gammal gifte prinsen seg med prinsesse Yasodhara og fekk med henne sonen Rahula.

Etter som åra gjekk, vart Siddhatta mindre og mindre nøgd med livet sitt, trass i at faren sytte for at han hadde nøgda av materielle gode å gle seg over. Det gruvlande hugdraget hans og medkjensla med alt levande, gjorde at han tilslutt ikkje orka livet i fest og luksus.

Då han var 29 år gammal, sto han ein natt opp frå senga si og drog bort frå kone og barn utan at det vart oppdaga. Han tok ikkje penger eller verdisaker med seg, og han kledde seg i ein simpel gul kappe – slik asketane brukte gjera – og hadde berre eit mål: Å finne vegen som førte til frigjering frå liding, død og atterføding.

Etter eit opphald i sju dagar ved elva Anoma tok han i veg til Rajagaha – hovudstaden i eit lite kongedøme som heitte Maghadha. Der råka han to brahmaner som var vidgjetne for visdommen sin. Hjå desse lærte han at vegen til frigjering gjekk gjennom mystisk meditasjon og intuitiv oppfatning av Det Absolutte. Ei tid var han ivrig med øvingane deira, men han kom ikkje nærare målet han hadde sett seg. Andre brahmanar han råka, hevda at askesen var vegen til frigjering. Gotama prøvde denne metoden òg. Han drog inn i urskogen og levde heilt ensam, oppteken med strenge botsøvelser og sjølvpinsler. I seks år levde han i urskogen. Plassen der han heldt til, vart seinare ein heileg stad for buddhistane. Dei bygde både tempel og kloster der. Enno står der ein tempelruin.

Fem disiplar kom til ham i urskogen og vart verande hjå han. Askesen vart til slutt driven så langt at kroppen hans såg ut som eit skjelett, og disiplane var redd at han skulle døy. Sjølv kjende han seg framleis like langt frå målet han hadde sett seg. Og etter kvart gjekk det opp for han at det han dreiv med var gagnlaust. Askesen førte ikkje til anna enn å bryta han ned fysisk og åndelig. Dermed bestemte han seg for at han ikkje lenger skulle følgje læra til andre, men gå sin eigen veg. Det vart slutt på sjølvpinsling. Eit liv i nyting kjende han frå før. Askese og livsnyting var to yttervegar, oppdaga han, og dei var båe skadelege. Dei hindra åndeleg vokster og utvikling og sette intelligensen tilbake.

Den nye vegen han oppdaga, gjekk mellom dei to ytterpunkta og vart kalla Mellomvegen – seinare eit kjent omgrep i buddhismen. Frå no av levde han normalt og heldt seg berre borte frå det som kunne egge lyster og begjær. Samstundes prøvde han å arbeide seg fram til ei indre openberring og til full utvikling av si eiga åndelege kraft. Då dette omslaget kom, reiste dei fem disiplane frå han og stempla han som vranglærar.

Heilt åleine, berre litande på si eige evne og sin eigen visdom, arbeidde Gotama seg med tida frem til gjennombrotet: Opplysninga. Det skjedde ei natt han sat under eit tre ved Neranjara-elva. Treet vart seinare kalla Bodhi-treet som tyder visdomstreet.

BUDDHA

Etter gjennombrotet under Bodhi-treet fekk Gothama navnet Buddha. Det er i grunnen eit samnamn og tyder ein som er opplyst. Og kva var det så han var opplyst om? Det som skjedde under Bodhi-treet, var ikkje ei himmelflukt eller eit sprang ut i rein spekulasjon.

Det Buddha grip tak i, er realitetene slik han ser dei rundt ikring seg. Og det han såg var fødsel, alderdom, liding og død. Gudar såg han ikkje. Dei gudane folk snakka om var fantasifoster. Ingen hadde sett det dei snakka om. Likevel skapte desse fantasiprodukta strid mellom teologar og andre. Menneska var likeins opptekne med problem som: Er verda evig eller ikkje? Er sjel og lekam identiske? Lever sjela etter døden eller går ho til grunne med kroppen?

Buddha feia slike spørsmål til side og spurde: Dersom de får svar på desse spørsmåla, er der ikkje framleis fødsel, alderdom, liding og død? Jau, der er fødsel, liding og død. Og skal vi finne lækjedom mot lidinga, må vi gripe inn der lidinga er.

Moral

Under dei tre orda: rett tale, rett handlig og rett leveveg kan vi samle den buddhistiske etikken.

Buddhisten reknar ikkje med nokon personleg gud eller ein gudevilje han må bøye seg for. Det han har som autoritet er evige, universelle lover. Dei er ikkje skiftande frå dag til dag eller påverkelege av bønar og klager. Feilsteg og mistak vil difor få sine følgjer anten ein angrar eller ikkje. Difor gjeld det ikkje her å få impulsar eller openberringer frå ein gudevilje, men få innsyn i lovene. Og det var ut frå innsynet i lovene Buddha forma morallæra si. Moralen hans skulle – som moralen i andre religionar – vera med å lyfte menneskelivet til høgare og høgare plan og føre til eit mål: frigjering frå lidinga. Synder mot Gud vert det ikkje tale om her. Brot på lovene kan menneska berre gjera med synder mot seg sjølve, mot andre menneske og andre levande skapningar. Meir enn andre religionar legg buddhismen på tilhøve vårt til dyra. Dei har òg krav på respekt.

Moralboda til Buddha skal ikkje berre sikre andre mennesker og andre skapninger mot at vi fører det som er vondt over dei. Det vonde som kjem frå oss, har si rot i begjær og egoisme. Fører vi vondt over andre, nærer vi begjæret vårt og legg dermed hindringar i vegen for utviklinga mot frelse og frigjering. Gjerningane våre har dobbelverknad, dei råkar andre, og dei råkar oss sjølve og forverrar eller forbetrar vår karma.

Om Drap

Å drepa slår som andre gjerningar til to sider: Det råker offeret og dei som er nært knytte til det, og det råkar gjerningsmannen. Offeret vert påført liding og pine og får livsbanen sin avbroten. Drapet skaper i mange tilfelle sorg hjå andre. Det gjeld både menneske og dyr. Den som drep forsimplar seg sjølv og kjøver ei av dei edlaste kjenslene menneska har: medkjensla. Ein dårligere karma vert følgene av dette.

Men Buddha har ikkje pålagt menneska at dei skal finne seg i åtak frå bakterier og dyr som vil ska liv og helse. Eit menneske har – som andre skapningar – rett til å verne om livet sitt. Men ein skal ikkje tyna anna liv i utrengsmål. Her kjem sjølvsagt spørsmålet om jakt, fisking og slakting til å melde seg. Lever ein på slike stader eller kjem i slik situasjon at livet ikkje kan bergast på annan måte, vil ein buddhist seia ein har rett til å drepa dyr. Men jakt for moro skyld og dreping av dyr for å kunna dekkje eit rikelegare bord, vil ein buddhist halde seg unna. Han vil òg åtvara mot vørdlaus framferd ute i naturen, så insekt og kryp kan verte skadde. Stort eller smått er det ingen skilnad på. Det seier seg då sjølv at det er naturlig for ein buddhist å vera vegetarianer. Endå Buddha talar ein stad om at det ikkje er maten som dreg eit menneske ned, men lygn og vond tale, altså det som kjem ut av munnen. Men ser ein læra hans under eitt, kan ikkje dreping og slakting forsvarast frå buddhistisk synspunkt.

Buddha og disiplane hans lærte alltid at menneska skulle syna dyra godhug og kjærleik. Buddhistane gjer det same idag. Liv må menneska likevel ta.for planter er òg levande vesen, og frø og frukt ber kim i seg til nytt liv. I dette tilværet – med død og liding – må liv leva av liv. Menneske liksåvel som dyr og planter. Men buddhisten vil heller ikkje fara vørdlaust fram mot tre og planter. Tre skal ikkje hoggast, og greiner skal ikkje brytast i utrengsmål. Blomar skal stå i fred. Den som har utvikla vørnaden for livet hjå seg, treng ikkje åtvarast mot dette. Heile naturen hans/hennar vil ha motvilje mot å øydeleggje det som spirer og gror.

Det seie seg sjølv at krig òg er i strid med buddhismen. For krigen avlar det som er vondt, og krigen har sin rot i maktbegjær og hat. «Alle skjelv for vald, alle reddast døden. Set ein seg inn i staden til andre, kan ein ikkje drepa eller lata drepa,» seier Buddha.

___

Artikkelen har tidligere stått på trykk i magasinet NOAHs Ark #2/1993.

Vi trenger din hjelp for å gi dyrene friheten tilbake. Klikk her for å støtte vårt arbeid.

Bli medlem