NOAH logo
Forsiden > Pelsdyr > Pelsfarmer mot pelsindus… 22. nov 2007

Pelsfarmer mot pelsindustrien

Følgende innlegg fra pelsfarmer som nylig sto på trykk i «Nationen» viser hvordan selv de som jobber med pelsbransjen oppfordrer til å slutte med pelsproduksjon i Norge.

pels-noah-pelsdyr-ulovlig bur rev-DB-noah

Rev i ulovlig lite bur – tilfellet ble anmeldt, men ikke straffet. Foto: NOAH

Legg også merke til hvordan han oppfordrer til å ikke investere penger til oppgradering av bur, dvs beholde bur som er mindre enn tillatt, før 2013…

«Lite lønnsamt

«Det er eit hav av grunnar til å ikkje begynne med dette.»

Eg overtok ein revefarm i 1994, dette var av dei største farmane i fylket av produksjon av blårev og sølvrev. Det var far min som starta med dette i 1953, så ein kan seie at vi har halde det gåande gjennom oppturar og nedturar i næringa i over 50 år. Eg la ned drifta ved årsskiftet i fjor.

Det er eit hav av grunnar til å ikkje begynne med dette. Det er nok å nemne overproduksjon på verdensbasis, høge produksjonskostnader i forhold til andre produsentland, politiske forhold til næringa sentralt og avskaling/forgubbing.

Det er ikkje mange år sidan Kina ikkje produserte pelsskinn i det heile, for 2006 var det ein forventa produksjon på 10 millionar mink, 4 millionar blårev og 60.000 sølvrev.

Dette er berre i Kina, som også er ein av dei største kjøparane av nordiske skinn, men som no har lagt på importavgifter for å beskytte produsentane i Kina.

Norske skinn blir fortolla med om lag 30 prosent. Den totale produksjonen på verdensbasis på 90-talet var på rundt 6 millionar reveskinn, og no produserer Kina åleine dette.

Også mange fôrprodusentar slit med økonomien i Norge, og økonomiske støtteordningar frå sentralt hald.

Vestnorsk fôr, som er det fôrlaget eg er medeigar i, må som følge av det legge på prisen. Ein må nok rekne med at det kjem til å koste 300 kroner per reveskinn i produksjonskostnader per skinn i 2007. Det er ikkje mykje ein sit igjen med då.

Med den politiske situasjonen, med fleire og fleire politikarar frå urbane strok på tinget, er det ein risikoidrett å investere i nye pelsdyrgardar og oppjustering av burstørrelse for å tilfredsstille nye miljøkrav.

Mitt råd er at ein ikkje bør investere mange hundre tusen kroner på dette no, og så skal politikarane bestemme seg i 2013 om ein får fortsetje med næringa.

Pelsproduksjon er ei døyande næring i Norge.»
Leserbrev av Oddvar Årdal i Nationen

Bli medlem